Lyrics

Vi levde meir enn tusen år I kvar vår by Men enno merkar eg den pust som får Min kjærleik til å lòge opp på ny Vi møttest heilt tilfeldig da På ein kafé Ei handfull kvardagsord var alt du sa Som enno gjer at store ting kan skje I folkemengda på ei gate ser Eg glimt av deg Eg rykker til med minnet om din smil Når ein alvorleg framand streifar meg Vår ferjereis på sjø blir utan spor Når vi legg til Eg grip i slingrekanten på eit bord Når alle går på land Og båten ligg der still
Writer(s): Henning Sommerro, Erlend Fredrik Skomsvoll, Edvard Hoem Lyrics powered by www.musixmatch.com
instagramSharePathic_arrow_out