Top Songs By Henning Sommerro
Credits
PERFORMING ARTISTS
Henning Sommerro
Vocals
COMPOSITION & LYRICS
Henning Sommerro
Composer
Edvard Hoem
Composer
Lyrics
Vi levde meir enn tusen år
I kvar vår by
Men enno merkar eg den pust som får
Min kjærleik til å lòge opp på ny
Vi møttest heilt tilfeldig da
På ein kafé
Ei handfull kvardagsord var alt du sa
Som enno gjer at store ting kan skje
I folkemengda på ei gate ser
Eg glimt av deg
Eg rykker til med minnet om din smil
Når ein alvorleg framand streifar meg
Vår ferjereis på sjø blir utan spor
Når vi legg til
Eg grip i slingrekanten på eit bord
Når alle går på land
Og båten ligg der still
Writer(s): Henning Sommerro, Erlend Fredrik Skomsvoll, Edvard Hoem
Lyrics powered by www.musixmatch.com